Noko av grunnen at det blei danna eit sogelag var sikkert at Lundeheringane ville sikre sin tilhøyring til Lunde, Dette på bakgrunn at det var snakk om å slå saman nabo kommunen. I 1964 blei Holla og Lunde slått saman til ein stor kommune, Valebø som var ein del av Holla gjekk til Skien . Bakgrunnen til det var at vegen til Valebø starta i Skien. Arbeid med laget starta i det små, utan noko fast plass å ta vare på dei tinga som blei samla inn. På seksti talet var det ønske å flytte Skades fotballbane frå Lundevang til Kåsa der den ligg i dag. Noko av eigendomen til Marie og Gjermund Rønning blei lagt til fotballbanen. Eigedomen hadde Marie og Gjermund kjøpt av Lunde Sparebank for kr 8750-, og tatt opp eit lån på kr 8500,- i Lunde Sparebank. Eigenkapitalen var nokk ikkje etter dagens krav her. Men Maries far Nils Skoe var ein velholde mann slik at har var kausjonist. Ein ting som gjorde det at det blei sving på sakene, var da Lunde Malerforretning ønsket å bygge eit forretningsbygg på tomta der forretninga ligg i dag. På den tomta stod det ei stugo med to rom og ein liten ute dass. Framom stugo var det ein vasspost og eit stort tuntre. Stugo blei demontert og frakta til Berget i Flåbygd, der noko vil starte med eit bygdetun. Dette blei ikkje noka av.