Den eldste delen av denne bygningen er ei tømre med to rom; stove og kammers, med jordkjellar. Slike hus som dette var vanleg på bruk av denne storleiken i gamledagar; dette måtte familiane som budde her klare seg med. Doen var i uthuset. Om dette huset blei lafta opp her på Tollahotten da småbruket Kåsa blei etablera som eigen gard i 1888, eller flytta hit frå ein annan stad, veit me ikkje.I gamledagar var det vanleg med "gjenbruk" av tømra hus. I nyare tid, rundt 1950, bygde det siste drivarparet, Marie og Gjermund Rønningen, eit påbygg i reisverk med plass til gang, kjøkken og vaskerom (?)med kjellar. Da blei den gamle delen av huset daglegstove/soverom og finstove. Etter kvart kom WC på plass i dette påbygget.
Her på Kåsa hadde dei siste drivarane, Marie og Gjermund Rønningen, både gris, høns, ku og hest. Dette uthuset er det som stod her da kommunen overtok eigedommen i 1974. Dette var m.a. høylåve, Den vesle tømra i sørenden har nok stått ein annan stad før ho kom hit; merker i stokkane viser dette. Uthuset har hatt eit påbygg i nordenden. Her var det ein utedo kan kan fleire minnast. Denne blitt riven og doen er flytta til der han er nå. Ein lafta stall stod for seg sjølv på haugen sør-øst for uthuset. I nordenden var det påbygg, sannsynlegvis for oppbevaring av både for og utstyr. Begge desse var rivne da kommunen overtok eigedommen. Gjermund var svært heste interessera og hadde eigen travhest ei tid. Og han handla med hest. På 1950-talet hadde Gjermund ei fjordingshoppe med føll. Ungane her på Tollahotten fekk ofte ein liten sup hestemjølk; det ville gjera dei sterke lokka Gjermund med.
Midtpartiet av bygningen, ei tømre, er truleg frå 1880-talet da dette småbruket blei etablera som sjølvstendig bruk. Huset er blitt benytta som eldhus; Her har det vore ein vedfyra bakarovn der Marie, den siste drivarkona, steikte bollar og brød. Brøda la ho på ei hylle her i eldhuset for avkjøling før dei blei plassera i ei storbrødkasse nede i hovedhuset. I nyare tid blei huset nytta som bustad av ein snikkar og han satte da opp eit påbygg i kvar ende.
Dette er eit bur, men her i Lundeherad brukar me navnet stabbur, eller «stølbu». Stabburet er ei gave til sogelaget frå Signe og Magnus Nordnes. Det er flytta hit frå bruket Kåsene i Flåbygd. Det stod på plassen oppe i bakken litt vest for Nordnes og satt opp her på Kåsa i 1993. Stabburet er truleg flytta til Kåsene frå ein annan stad; stokkane har gamle merker som kan tyde på dette. Utforminga av dette stabburet er typisk for dei fleste stabbura i Lundeherad; kun to stokkebredder breiare oppe enn nede og ingen utskjæring rundt dørar og vindauge. Stabbura var i hovedsak eit matlager. Her er det luftig og tørt og velegna til oppbevaring mellom anna flatbrød og kling, spekekjøtt, nedsalta flesk som mjøl, korn, sukker og salt. Og slik "understellet" er bygd, gjer at mus og rotter vil ha vanskeleg for å koma inn til all maten. I andre høgda vardet også vanleg å oppbevare andre ting; f.eks. klede og skinnfellar. Våre stabbur har vanlegvis to rom i kvar etasje. I dei fremre romma var det som regel plassera senger. Og i gamle dagar var det vanleg at ungdomane i familien,og tjenestejenter og tjenestegutar, flytta ut frå våningshusa og sov i stabbura sommarstid. Da kunne jentene få besøk av «nattefriarar». Og var dei velkomne, så slapp dei inn.
Dette er børsemakarverkstaden til Olav Rønningen. Huset står her på bygdetunet akkurat slik som da verkstaden var i bruk, med alt slags utstyr og verktøy som trengs i ein slik verkstad, som dreibenk, borrmaskin, honeverktøy, tenger, etc., etc.. Olav Rønningen (1912 – 1995) bygde denne verkstaden i 1939 nærbustaden sin, Nystad, i Flåbygd; på «Solsida» omtrent midt i bygda. Huset bleiflytta hit til bygdetunet i år 2000.Olav var ein sjølvlært «alt muleg-mann» og var vel det ein godt kan kalle eit teknisk geni. Det blei sagt at ein kunne koma til han med alt som sveiv, viss det trongs å reparerast. Og hadde han ikkje verktøy som dugde, laga han det sjølv. Olav kunne til og med reparere klokker. Også som børsemakar var Olav sjølvlært. Og han erfarte at i dette faget måtte ein vera pinleg nøyaktig. Hans ry som børsemakar nådde langt utover Flåbygds grenser.
Fleire av landets kjente skyttarar kom til Olav føre eit landsskyttarstevne for å få gått over børsa si. Kongen over alle skyttarkongar, Lars L. Ese, var blandt Olavs kundar. I Olavs tid var det Krag Jørgensen-gevær, eller Krag som me sier, og Mauser-gevær som blei mest bruka. Men han tok seg sjølvsagt av andre børseslag også. I tillegg til noko salg av våpen og ammunisjon. Olavs navn blei kjent innan våpen- og ammunisjon-produksjonen. Det hente at Kongsberg Våpenfabrikk sendte våpen til han for finjustering. På 60-talet var Olav engasjera som lærar på «vaksenopplæringa», men det var nok som børsemakar han trivdes best. Olav Rønningen er sønn av Birgit og Tor Rønningen (skreddar ogf elespelar). Han var gift med Astrid Sofie Nordnes. Da Olav døde i 1995 bestemte ho og borna at dei ville gje heile denne eine ståande verkstaden med alt innhald til Lunde sogelag slik at det kunne bli tatt vare på.
Dette er skulen i Flom skulekrets i Flåbygd frå 1867 til 1963.I 1860 kom ein lov for skulane på landsbygda; kommunane fekk pålegg om å bygge skulehus i alle kretsar der det var meir enn 30 elevar. På Flom blei det lafta ei lita tømre med bare eit rom og etter same "lest" som mange andre bygdeskular. Inngangsdøra var da midt på vestsida. var to-delte; "småskulen" med 1. - 3. klasse sammen og "storskulen"med 4. - 7. klasse sammen. Ein gjekk annankvar dag.På den tida satt elevane på pultar to og to sammen. I nyare tid blei desse pultane bytta ut med enkel pultar. Oppvarminga av Flomskulen var med ein 3-etasjes Ulefossovn .Elevane her slekte tyrsten med vatn frå ei sinkbytte med same ausa.I 1907 fekk skulehuset eit uisolera påbygg; ein gang der elevane kunne henge frå seg yttertøy, og eit «bokkammers» der læremateriell og utlånsbøker blei oppbevara. I dette rommet blei det montera ein liten kjøkkenkomfyr der læraren kunne koke seg kaffe og halde seg varm i friminutta vinterstid. Men læranane på Flom skule som på andre bygdeskular, var oftast ute med elevane i leik og moro. På denne tida blei skulehuset også kledd utvendig og måle kvit. Innvendig blei romma måla i ei lys gul farge i 1948.
Dette er ei typisk gardsmølle, kvern, eller kvenn som me sier på lokal dialekt. Der det var elvar, eller større bekkar, og lagelege fall, var det slike kvennhus som dette rundt om i bygdene våre i "gamledagar"; det var ikkje bare å kjøre til butikken å kjøpe seg mjøl. Kvenna er ein kopi av eit kvennhus som tilhørte garden Omnes i Flåbygd, og blei driven av vatn frå elva Kvennåa. Omneskvenna var i bruk til ut i mellomkrigstida. Men ute av bruk, forfallt også denne kvenna som dei aller fleste andre bygdekvennene rundt om i landet. Kun nokre få er tatt vare på. På 60-talet hadde eigaren av Omnes planer om restaurering av kvenna si, og da Lunde Sogelag også ivra for å ta vare på ei kvenn, blei det tatt ei beslutning om å sette kvenna på Omnes i stand.
Men da det var for mykje råte i stokkar og åsar, blei det til at ein bygde opp ein kopi av kvenna, på same staden som den gamle.I 1972, under eit "usturteleg" regnvær, kom ein flaum i elva og tok med seg heile kvennhuset. Alt av trevirke havna nedetter elva og noko endatil ut på Flåvann. Men nokre ildsjelar i sogelaget samla stokkane og frakta dei vannvegen ned til Saltevje, på "solsida" nederst i Flåbygd. Seinare lafta dei også huset opp der nede. Det blei tatt beslutning om å sette kvenna i fullgod stand igjen på ein lageleg stad. Men kvar? Fleire plassar blei vurdera. Til slutt blei det bestemt at ho nå skulle settast opp i "Bergebae", litt nedanfor bruket Berge, også på «solsida», litt lenger oppe i bygda. I si tid hadde her stått eit liknande kvennhus. Og slik blei det. Etter at kvenna var ferdig med vasskall, møllesteinar og ellers det som hørte til, blei ho prøva. Ho gav mjøl av beste slag kunne "møllaren" melde. Etter som åra gjekk blei kvenna ved Bergebekken mest gløymt og forfallet seig på. Slik kunne det ikkje fortsette. I 2015 tok sogelaget beslutningen om å flytte kvenna hit til Lunde Bygdetun. I 2019 er kvenna igjen ferdig restaurera og klar til bruk. Men her på Kåsa må hodrivast på kunstig vis.Meir informasjon om denne kvenna vil du finne i boka Meir frå bygda Bind 9.
Smier var det mange av ute på bygdene i gamledagar; nesten kvar gard hadde sieiga. Dette var nødvendig for å kunne lage seg knivblad, ljåblad, økser, hestesko, beslag for å nevne noko. Når det var knapt med pengar, og heller ikkje alt var å få kjøpt, var ei smie heilt nødvendig å ha. Dei fleste smiene var enkle bygg som dette. På grunn av brannfara låg dei som regel langt vekk frå dei andre husa på garden. Det var mange bønder, og andre, som «fuska i faget». Men i kvar bygd var det nokon som skilde seg ut, og enkelte kunne gjera seg ein leveveg som smed. Flinke smedar blei høgt verdsatt. I vikingtid og mellomalder blei smedens arbeid med jernet sett på som reine trolldomskunster og smeden hadde høg status blandt folk.
Denne smia har tidlegare stått i Bleka og er gjett av Ingebjørg Nordby Vibetoog Hans Arne Vibeto i 2017. Dei gav også ambolten, ei feltesse og noko reidskap. Smia er truleg bygd rundt 1931 av bestefar til Ingebjørg, Pål Nordby (1901 -1986), da han overtok Bleka. Bygget som Dag Henning Hermansen kjørte hit gratis, var noko "tæra av tidens tann" og er blitt istandsatt. Blåsebelgen kommer frå Norheim og er gjett av Inger Hilde (Norheim) og Knut Kjøk. Den er nå satt i brukbar stand igjen; m.a. nye klaffventilar og nytt skinn. Men p.g.a. kostnadene blei det ikkje kalveskinn denne gangen. Steinane i eisa kommer frå Norheim og frå ei smie på Omnes. Frå Norheim-smia kommer også ei handvifte. Slike vifter overtok som blåsebelg krevde årleg vedlikehald p.g.a. museskader. Nokre smedhammarar har Henning Hanto gjett. Stabben av ask kommer frå eit tuntre på Ovenstrøm. Bildet under er ein detalj frå portalen til Hylestad stavkyrkje. Det viser smeden Reginsom smir eit sverd til Sigurd.
Denne tømra med to små rom og eit uisolera inngangsparti kjenner alle Lundeheringar som er noko opp i åra; ho har stått omtrent der målingbutikken Fargerike ligger, men litt meir tilbake frå gata. Mellom huset og vegen stod der ein vannpost. Slike hus som dette, var ein heilt vanleg bustad for mange familiar rundt om på bygdene. I dagleg rommet står det ein kvitkalka peis som blei bruka til matlaging og som gav varme i huset. Dei siste som budde i dette huset var Hans Bjervamoen og familien hans. Hans var vegvoktar på strekninga Bjervamoen til Strengen.